Ukas topptur

- Snarvegen til ein trygg og flott topptur!

Video: Hunnalvatn Media

Bli med på vår faste, ukentlige topptur! Kvar onsdag i vintersesongen kan du bli med vår kompetente og lokalkjende guide på topptur nær Voss. Her får du snarvegen til ein trygg topptur med god snø. Eit rimeleg tilbod til alle som jaktar på flotte toppturar og hyggeleg turfølge!

Val av topptur

Vêret og snøforholda avgjer kva turplanen blir. Våre guider veit kvar sjansane er størst for å få ei god turoppleving med trygg og flott skikøyring. Kvar måndag ved lunsjtider legg guiden ut turskildring med vanskegrad og anna praktisk informasjon om den neste turen. Påmelding skjer her på nettsida vår heilt fram til kvelden før turen. 

 

Vi gjennomfører turen uansett om det blir berre ein eller mange deltakarar. 

Toppturar vinteren 2021 (oppdaterast kvar måndag):

3.februar: ?

10.februar: ?

17.februar: ?

24.februar: ?

3.mars: ?

10.mars: ?

17.mars: ?

24.mars: ?

31.mars:?

7.april: ?

14.april: ?

21.april: ?

28.april: ?

Desse turane gir deg eit høve til å lære meir om vegval, skredfarevurderingar og bli kjend i nye turområder. Dessutan kan du få tips om korleis du kan køyre betre på ski under alle snøforhold. Etter turen legg vi ut bilder og turrapport på sosiale medier, slik at andre får gode tips om både turmogelegheiter og føre. 

Om du ønskjer å dra på tur på eiga hand i fjella kring Voss, ta gjerne kontakt med oss for tips. Vi hjelper deg gjerne. 

Kvifor bli med på ein guida topptur?

Rundt Voss finn vi rikeleg med flotte fjellsider i alle himmelretningar. Mange av dei byr på herleg og trygg skikøyring - sjølv når det er utfordrande skredtilhøve. Ikkje for bratt, men heller ikkje for flatt! Vi veit kvar det er lurt å leite etter den gode snøen.

 

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Guidens erfaring frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferdsel i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

Sesong

Kvar onsdag frå og med veke 5 (3.februar) til og med veke 17 (28.april).

Fysiske føresetnader

Er du frisk og har normal turform kan du bli med oss på topptur. Vanskegrad og krav til ferdigheiter vil variere noko frå tur til tur. I løpet av vinteren legg vi opp onsdagsturar som passar for ulike nivå. Som oftast treng du ikkje å vere ein spesielt dyktig skikøyrar eller supersprek for å få ein fin tur med oss. 

 

Turens lengd varierer frå nokre få kilometer med lite stigning til turar på 6-7 timar med mykje opp og ned. 

Naudsynt utstyr

Toppturski (Telemark eller Rando) med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av oss utan ekstra kostnad.

 

Skiutstyr kan du leige hos Voss Resort, eller i Myrkdalen.

Oppmøtestad og tid

På nærmare avtalt plass på Voss.  Alle må som hovudregel køyre i eigne bilar, av omsyn til Covid-19.

Våre tiltak i høve Covid-19

Deltakarar på våre toppturar må følgje desse krava: 

  • Du må kjenne deg frisk og vere fri for symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon. 

  • Du må ikkje vere omfatta av gjeldande karantenerestriksjonar. 

  • Vi held avstand til kvarandre heile tida, minst ein meter. 

  • Deltakarar i same gruppe/familie/kohort kan samkøyre i felles bil. Andre må som hovudregel ordne transport sjølv. 

  • Vi stiller med handdesinfeksjon og er nøye med hygiene. 

 

 

Prisar og vilkår

Pris for vaksen er kr 950,- per person per tur. Dette er eit spesialtilbod som gjeld kun på onsdagsturane. Kvar fjerde tur er gratis for deg som vil vere med oss på fleire turar. Du kan kjøpe sesongkort og få garantert, ubegrensa tilgang til våre onsdagsturar heile vinteren 2021 for kr 5700,-. 

 

Det er 7 plassar på kvar tur. Ved stor pågang kan det bli opna opp for fleire, så sant vi har kapasitet. 

Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp onsdagstur nå". 

Prisen inkluderer alle guiden sine førebuingar, våre reisekostnader, alt naudsynt tryggleiksutstyr, leige av skredutstyr og kvalifisert guide på tur i 4-7 timar. 

Ikkje inkludert i prisen:

Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

Les om våre vilkår for påmelding og betaling (pdf). Vilkåra er oppdaterte i høve koronapandemien.

Spørsmål om føre, forhold eller anna?

Vi svarar deg gjerne om du vil ha tips til flotte skiturar eller råd om kvar du finn den beste snøen. Hos oss er gode råd gratis! Kontakt gjerne Øystein på telefon +47 93484041 eller send ein e-post til post@wildvoss.no .