Toppturkurs på Voss

- turplanlegging, kameratredning og trygge vegval

5-7.februar 2021

Denne helga inviterar Wild Voss til skredkurs med fokus på turplanlegging og trygge vegval på toppturar i vinterfjellet. Kurset har base på Voss, og dermed har vi kort køyring til ei rekke flotte turområder. Det betyr at vi lett kan tilpasse dagane til vêr og tilhøve. Slik får vi effektive dagar med mykje læring, sjølv midtvinters.

Test deg sjølv i realistiske øvingar

Kursinnhald

Dette 20-timars kurset gjer deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar i fjellet. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Vossafjella er snøsikre og har mange toppturar som eignar seg godt til skredkurs. På toppturkurset blir du kjend med nokre av dei. 

​Nokre aktuelle kursmoment: 

  • Korleis bruke Varsom RegObs og andre hjelpemiddel til turplanlegging?

  • Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?

  • Terrengklassar, brattleiksvurdering og terrengfellar på kartet og i terrenget.

  • Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

  • Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket. 

  • Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader. 

  • Søk etter skredtekne med utgraving og grunnleggande fyrstehjelp.

  • Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar

Du har vore på nokre skiturar i fjellet og er vand med skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. 

 

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Praktisk gjennomføring

Av hensyn til gjeldande smitteverntiltak har vi leigd eit ekstra romsleg lokale til teoriøktene innandørs. Vi møtast på Voss Vandrarheim (Google maps) på Voss fredag kl 18.00. Vi har halde fleire kurs og foredrag på Vandrarheimen, og blir alltid møtt med vennleg betjening og upåklageleg service. 

 

Kurset startar med ei kveldssamling som varar om lag 3 timar. Der gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår grunnleggande skredlære. Vi planlegg ôg turen neste dag. 

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Ein typisk turdag startar kl 9.00 om morgonen. Fjella kring Voss har mange ruter og områder som er godt eigna for kurs. Val av område heng saman med gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs. Både laurdag og sundag avsluttar vi dagen med ei oppsummering av ny lærdom og gjennomgang av nokre nye tema, gjerne over ein matbit. Laurdag er vi ferdige for kvelden omtrent kl 20. 

Deltakarane organiserer sjølv transport, overnatting og alle måltid undervegs på kurset. Vi hjelper deg gjerne med tips og råd om du treng det. 

​Kurset avsluttast sundag innan kl 18.00. Alle får kursbevis.

 

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre kurs må: 

  1. Føle seg friske og være utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.

  3. Oppretthalde god handhygiene undervegs på kurset.

  4. Halde minst 1 meter avstand til andre deltakarar.

  5. Som hovudregel sjølv ta hand om transport til og frå kurset.

Her kan du lese vår oppdaterte risikoanalyse for smittevern og Covid-19.

 

​Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3650 per person. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, alt naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).  

Kostnader til mat, overnatting og transport kjem i tillegg og organiserast av deltakarane sjølve.

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på tur nå". 

Les om våre vilkår for påmelding og betaling her. Vilkåra er oppdatert og tek omsyn til Covid-19.

 

 

Kursleiar

Kursleiar er Carlos Abraldes Szigriszt, fast tilsett heilårsguide i Wild Voss. Han har lang erfaring frå skikøyring i Pyrenèane, Alpane og i norske fjell. Han har halde skredkurs for Wild Voss i to vintersesongar, og kjenner Vossafjella like godt som sine heimtrakter i Spania. Carlos ligg an til å fullføre NF si sertifisering som skredinstruktør i løpet av vinteren 2021. 

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Carlos: post@wildvoss.no eller ring på 94105103.  

Naudsynte førebuingar

For å lære mest mogeleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vær og forhold utviklar seg før kurset. Les værvarselet for området jevnlig uken før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no . Sjekk gjerne RegObs for ferske observasjoner fra nærområdet.

 

 

Kursmateriell (deles ut på kurset)

Skredkort, faregradsskala, skjema med 3x3 filter metode, kart over området (utskrift), skredkart for området (utskrift).

 

 

Anbefalt litteratur:

Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag). «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .