Toppturkurs Scandic Voss

- skredkurs for toppturinteresserte

21-24.januar og 11-14.februar 2021

Denne vinteren arrangerar Wild Voss to innhaldsrike toppturkurs i samarbeid med Scandic Voss hotell. Kvart kurs går over tre heile dagar, og inkluderer ein dag i og utanfor bakkane i Voss Resort. Kurset byr på ei fin blanding av lærerike dagar til fjells, komfortabel kvile og god mat.

Test deg sjølv i realistiske øvingar

Kursinnhald

Toppturkurset er eit skredkurs som tek sikte på å gjere deg i stand til å ivareta din eigen tryggleik på toppturar i skredterreng. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset skjer ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Vi bruker ein av kursdagane i Voss Resort, som ligg nokre minutt med gondolbane unna hotellet. Heisanlegget gir oss rask tilgang til veleigna kursterreng der vi kan trene kameratredning, skiteknikk, køyremønster og vurdere brattheit. Vossafjella er snøsikre og har mange toppturar som eignar seg godt til skredkurs. På toppturkurset blir du kjend med nokre av dei.

Nokre aktuelle kursmoment:

  • Skikøyring i og utanfor preparerte løyper. Tips til god skiteknikk.

  • Korleis bruke RegObs, varsom.no og andre hjelpemiddel til turplanlegging

  • Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?

  • Terrengklassar, brattheitsvurdering og identifisering av terrengfellar på kartet og i terrenget.

  • Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

  • Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket.

  • Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader.

  • Søk etter skredtekne med utgraving og grunnleggande fyrstehjelp.

  • Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar

Du har vore på nokre skiturar eller toppturar i fjellet og har prøvd skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. Du føler deg frisk og er i brukbar turform ved kursstart.

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar) i sekken. Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Vi anbefalar bruk av hjelm på våre kurs.

Praktisk gjennomføring

Oppmøte blir på Scandic Voss hotell torsdag innan kl 19.30. Kurset startar med ei kveldssamling. Der gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår grunnleggande skredlære (teori).

Fredag brukar vi i Voss Resort. Vi køyrer nokre turar i trekket saman for å få kroppen i gang og få eit inntrykk av forholda. Det blir ôg nokre turar utanfor løypene med fokus på skiteknikk. Etter kvart flettar vi inn skredtema som vurdering av brattheit, terrengfeller, linjeval, køyremønster og til slutt kameratredning. Vi avsluttar dagen med eit par større redningsøvingar i terrenget nær løypene. Om kvelden blir det evaluering av dagen og turplanlegging.

Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Fjella kring Voss er snøsikre og godt eigna for kurs. Val av område og turar heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs. Det blir mykje tid ute i fjellet. Både laurdag og sundag evaluerer vi turen vi har gjort, for å lære mest mogeleg.

Planen ovanfor kan bli justert viss vêr og forhold krevjer det.

Kurset avsluttast sundag innan kl 17.00. Alle får kursbevis.

Om hotellet

Nye Scandic Voss ligg rett ved jernbanestasjonen, hit er det lett å kome frå Bergen og Oslo med tog. Voss Gondol er næraste nabo, og fraktar deg frå hotelldøra til skianlegget på 9 minutt. Hotellet har ein moderne og sporty stil, med rom tilrettelagde for alle. Haik Grill og Bar følgjer sesongen og tilbyr lokale og tradisjonelle råvarer med en spannande vri. I baren finst ulike spel og shuffleboard som kan kombineres med noko godt i glaset. Vårt treningsrom med badstu er perfekt for avkobling etter ein lang dag med aktivitet. Våkn opp til landets beste frokost, utkvilt og klar for ein ny dag på ski.

 

 

Prisar og vilkår

Toppturkurset inngår i ei komplett pakke som inkluderar hotellrom og måltid. Pris for toppturkurs med overnatting i enkeltrom kostar kr 8345 per person. Pris for toppturkurs med overnatting i dobbeltrom kostar kr 7260 per person (to personar).

Prisen inkluderer:

  • Hotellrom i tre netter, frå torsdag til sundag.

  • Tre-rettars middag fredag og laurdag (kokkens meny).

  • Frukost og niste fredag, laurdag og sundag.

  • Dagskort med gondol i Voss Resort.

  • Kursleiar sitt forarbeid.

  • Deltaking på toppturkurs i tre heile dagar og tre kveldar (30 timar)

  • Alt naudsynt kursmateriell.

  • Tilgang til møterom på kveldstid torsdag, fredag og laurdag.

  • Leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M).

 

Kostnader til transport og eventuell leige av skiutstyr kjem i tillegg.

Påmelding til kurset skjer ved å sende epost til voss@scandichotels.com . Hugs å skrive kva for eit kurs du vil melde deg på. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her

 

Kursleiar

Kursleiar er Øystein Ormåsen, som er dagleg leiar i Wild Voss AS. Han har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Skredinstruktør 1 Alpint, er kursleiar i DNT og NF-sertifisert Klatreinstruktør 1 Høgfjell og Breinstruktør 1.

Kontaktpersonar

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send gjerne ein epost til Øystein: post@wildvoss.no eller ring på 93484041. For spørsmål om overnatting, måltid eller rom, send epost til voss@scandichotels.com eller ring 56 52 82 00.

Reise til Voss

Det går tog til Voss frå Oslo og Bergen fleire gangar dagleg. Reisetid med tog frå Bergen er om lag 1 time og 10 minutt. Frå Oslo tek togreisa om lag 5 timar. Togtider finn du på https://www.vy.no/ .

 

Voss er ôg lett å kome til med både bil og buss. Det nye kollektivknutepunktet på Voss ligg rett utanfor hotellet. Busstider kan du finne på Skyss.no eller på Nor-way sine nettsider.

Naudsynte førebuingar

For å lære mest mogeleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vêr og forhold utviklar seg før kurset. Les vêrvarselet for området jevnlig uka før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no . Sjekk gjerne RegObs for ferske observasjoner fra nærområdet.

Kursmateriell (delast ut på kurset)

Skredkort, skjema for terrengklassar, kart over området (utskrift), skredkart for aktuelle områder (utskrift).

 

 

Anbefalt litteratur:

Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag). «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload