Toppturkurs for damer

- trygge vegval, turplanlegging og kameratredning

Mjølfjell, 19-21.februar  2021

Dette toppturkurset er for damer som vil lære det som trengst for å dra på trygge toppturar. Her lærer du nokre metodar som gir sikre svar på kva terreng som er trygt å gå i og kva terreng du bør unngå. Kurset vil gjere deg meir sjølvstendig og tryggare på eigne beslutningar ute på topptur.

stemning_i_snøvær_SiljeH.jpg

Bli trygg og sjølvstendig på topptur!

Foto: Silje Heistein Lund

Kursinnhald

Dette kurset gjer deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar i fjellet. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Vår base blir på Mjølfjell Ungdomsherberge. Til inneøktene har vi leigd kurslokaler med god plass. På kurset får du vore på toppturar i vakre Raundalen.

Nokre tilbakemeldingar frå damer som har deltatt på toppturkurs med oss før:


- "Stemninga og læringsmiljøet var veldig god".
- "Eg har vore for avhengig av andre sine beslutningar ute på tur. Det var nyttig og kjekt å bli pressa til å stole på eigne vurderingar".
- "Frykta mi for å ikkje vere god nok på ski blei dempa og hindra ikkje læring". 

Måla med kurset er:
1. Gjere deltakarane i stand til å planlegge og gjennomføre toppturar på ski.
2. Auke deltakarane sin kunnskap om skredlære, terrengvurderingar og kameratredning.
3. Få gode turopplevingar og lyst på nye toppturar.

Les gjerne nokre av anbefalingane frå deltakarar på våre tidligare turar og kurs. 

​Aktuelle kursmoment: 

  • Bruke Varsom RegObs-appen til å lese og forstå skredvarselet.

  • Turplanlegging ved hjelp av skredkort og andre hjelpemiddel.

  • Identifisere og unngå skredterreng og terrengfeller.

  • Brattleiksvurdering på kartet og i terrenget.

  • Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

  • Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket. 

  • Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader. 

  • Søk etter skredtatte med utgraving og grunnleggande fyrstehjelp.

  • Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?

  • Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar

Du har vore på nokre skiturar i fjellet og er vand med skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned. 

 

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

Praktisk gjennomføring

Tentativ tidsplan for kurset: 

Fredag:

Kl 18.00: Kursstart på Mjølfjell Ungdomsherberge. 

Kl 18.00 - 21.00: Kveldsøkt med presentasjonsrunde, gjennomgang av kursplan, grunnleggande skredlære. Turplanlegging. Vi er ferdige for kvelden innan kl 21.00.

Laurdag: 

Kl 9.00: Oppmøte på Mjølfjell Ungdomsherberge. Klargjering til tur. 

Kl 9.30 - 16.30: Ut på topptur. Fokus på metodar og ferdigheitstrening: Identifisere skredterreng. Utløpsområder. Skredproblem. Terrengfeller. Orientering og veivalg. Mønster for ferd i skredterreng. Kameratredning. Denne dagen vil instruktøren ha ei aktiv rolle undervegs.
Kl 16.30 - 18.30: Pause med tid til middag, anten på Herberget eller på hytta der du bur. 

Kl 18.30 - 20.30: Kveldssamling på Herberget. Oppsummering av dagen. Kort om KAST og beslutningsfeller. Turplanlegging.

Sundag:

Kl 9.30: Oppmøte til topptur. Klargjering.

Kl 10.00 - 16.00: Topptur. Deltakarane får sjølv større ansvar for vegval og vurderingar undervegs. Vegleiing frå kursinstruktør. Nokre viktige tema: Aktiv sansing. Kommunikasjon. Beslutningsprosessar. Snøkjennskap. Mønster for ferd i skredterreng. 

16.00 - 17.00: Oppsummering av dagen. Kursevaluering. 

 

Kurset avsluttast sundag innan kl 17.00. Alle får kursbevis.

 

 

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre kurs må: 

  1. Føle seg friske og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Ikkje vere omfatta av gjeldande karantenereglar.

  3. Oppretthalde god handhygiene undervegs på kurset.

  4. Halde minst 1 meter avstand til andre deltakarar.

  5. Som hovudregel sjølv ta hand om transport til og frå kurset.

Her kan du lese vår oppdaterte risikoanalyse for smittevern og Covid-19.

 

​Overnatting og måltid

Mjølfjell Ungdomsherberge ligg ved enden av den vinterbrøyta vegen gjennom Raundalen, om lag 7 km aust for Mjølfjell stasjon. Dei som ynskjer innlosjering bur i leirskulebygget på kvart sitt rom, av omsyn til smittevern. Vi har tilgang til eit velutstyrt kjøkken, dusj, WC og tørkerom. Romma har oppreidde senger. Ved heimreise må vi vaske ut av våre eigne rom.

Kursleiar organiserer innkjøp av felles middagar til dei som bur på Herberget. Dette ordnar vi som eit spleiselag. Alle tar med frukost, lunsj og tursnacks til eige bruk, samt eventuell drikke til middagane. 

 

Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3650 per person. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, alt naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M). Prisen dekker og instruktørane sin kost og losji på Mjølfjell. 

Om du ynskjer overnatting på Herberget, kostar det kr 900 per person for to netter. Kursleiar tingar overnatting for deltakarane ved behov. ​Prisen inkluderer oppreidd seng på enkeltrom. Vi må sjølv vaske etter oss før avreise.

Kostnader til mat og transport kjem i tillegg. ​

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på tur nå".  Kurset har 7 plassar, og vi treng 4 deltakarar for å gjennomføre. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her

 

 

Kursleiar

Kursleiar er Carlos Abraldes Szigriszt, fast tilsett heilårsguide i Wild Voss. Han har lang erfaring frå skikøyring i Pyrenèane, Alpane og i norske fjell. Han har halde skredkurs for Wild Voss i to vintersesongar, og kjenner Vossafjella like godt som sine heimtrakter i Spania. Carlos ligg an til å fullføre NF si sertifisering som skredinstruktør i byrjinga av februar 2021. 

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til Carlos: post@wildvoss.no eller ring på 94105103.

Transport

Det går tog til Ørneberget, like ved Ungdomsherberget. Diverre er togtidene dårleg tilpassa skredkurs. Vi må difor basere oss på bruk av privatbilar. Kursleiar koordinerer bilkøyring om naudsynt.

 

Vegen opp i Raundalen kan være utfordrande og ha stygge kular vinterstid. Køyr varsomt og ha gjerne med kjettingar i bilen. Vegen er smal fleire stader, og det er lett å få hjula utanfor asfaltkanten.
 

 

Naudsynte førebuingar

For å lære mest mogeleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vær og forhold utviklar seg før kurset. Les værvarselet for området jevnlig uken før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no .

 

 

Kursmateriell (delast ut på kurset)

Skredkort, faregradsskala, KAST-modellen (utskrift), kart over området (utskrift), skredkart for området (utskrift).

 

 

Anbefalt litteratur:

Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag). «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .