Toppturkurs for menn

Trygge veivalg, kameratredning og risikoreduksjon 

Mjølfjell, 26-28.februar

Dette 20-timars kurset er for toppturinteresserte menn som vil lære det som trengst for å dra på trygge toppturar. Lær om trygge vegval, turplanlegging og kameratredning. Kurset gir eit godt utgangspunkt for toppturar i utfordrande terreng (klasse 2-terreng). Mange menn går på topptur på eiga hand. Vi ser på korleis ein kan gjere det så trygt som råd.

hovedbilde_toppturkurs-menn.jpg

Bli trygg og sjølvstendig på topptur!

Kursinnhald

Dette 20-timars kurset gjer deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på toppturar i fjellet. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Det aller meste av kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Vår base blir på Mjølfjell Ungdomsherberge. Til inneøktene har vi leigd kurslokaler med god plass. På kurset får du vore på toppturar i vakre Raundalen.

Mange menn går på topptura åleine. På kurset set vi ekstra fokus på korleis ein kan gjere det så trygt som mogeleg. Eit anna tema som står sentralt på kurset er den såkalla "menneskelege faktoren". Under denne overskrifta jobbar vi med beslutningsprosessar, gruppedynamikk og gruppeleiing. Både erfaring og statistikk syner at dette er tema som mange menn kan bli betre på. Både fordi menn ofte tek leiinga på tur, og fordi leiarrolla fører med seg ei rekkje utfordringar som har betydning for tryggleiken til heile gruppa.

Kvifor bli med på toppturkurs for menn:
- Du tenker nok at du ikkje treng eit kurs, og at dette er ei bortkasta turhelg. Vi garanterar at det ikkje blir tilfellet.
- Vi garanterar stor takhøgd og god stemning. Og mykje dårleg humor.
- Utstyrsnerd? Her treff du garantert likesinna.
- Du treng ikkje å imponere nokon på dette kurset.

Les gjerne nokre av anbefalingane frå deltakarar på våre tidligare turar og kurs. 

 

 

Måla med kurset er:
1. Gjere deltakarane i stand til å planlegge og gjennomføre trygge toppturar på ski i skredterreng.
2. Auke deltakarane sin kunnskap om skredlære, terrengvurderingar, menneskeleg faktor og kameratredning.
3. Få gode turopplevingar og lyst på nye toppturar.

Aktuelle kursmoment: 

  • Bruke Varsom RegObs-appen til å lese og forstå skredvarselet.

  • Turplanlegging ved hjelp av skredkort og andre hjelpemiddel.

  • Identifisere skredterreng og unngå terrengfeller.

  • Brattleiksvurdering på kartet og i terrenget.

  • Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?

  • Snøkjennskap. Grunnleggande forståing av lagdeling og svake lag i snødekket. 

  • Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader. 

  • Søk etter skredtatte med utgraving og grunnleggande fyrstehjelp.

  • Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller?

  • Evaluering av toppturen. Kva lærde du?

Krav til deltakarar

Du har vore på nokre skiturar i fjellet og er vand med skikøyring utanfor preparerte løyper. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned.

Deltakarar må vere i normal fysisk form, føle seg friske og vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka og legg vekt på god handhygiene. Vi har redusert talet på plassar for å sikre god avstand mellom deltakarane.

Naudsynt turutstyr

Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad. Skiutstyr kan leigast i Voss Resort eller i Myrkdalen.

Praktisk gjennomføring

Tentativ tidsplan for kurset: 

Fredag:

Kl 18.00: Kursstart på Mjølfjell Ungdomsherberge. 

Kl 18.00 - 21.00: Kveldsøkt med presentasjonsrunde, gjennomgang av kursplan, grunnleggande skredlære. Turplanlegging. Vi er ferdige for kvelden innan kl 21.00.

Laurdag: 

Kl 9.00: Oppmøte på Mjølfjell Ungdomsherberge. Klargjering til tur. 

Kl 9.30 - 16.30: Ut på topptur. Fokus på metodar og ferdigheitstrening: Identifisere skredterreng. Utløpsområder. Skredproblem. Terrengfeller. Orientering og vegval. Mønster for ferd i skredterreng. Kameratredning. Denne dagen vil instruktøren ha ei aktiv rolle undervegs.
Kl 16.30 - 18.30: Pause med tid til middag, anten på Herberget eller på hytta der du bur. 

Kl 18.30 - 20.30: Kveldssamling på Herberget. Oppsummering av dagen. Kort om KAST og beslutningsfeller. Turplanlegging.

Sundag:

Kl 9.30: Oppmøte til topptur. Klargjering.

Kl 10.00 - 16.00: Topptur. Deltakarane får sjølv større ansvar for vegval og vurderingar undervegs. Vegleiing frå kursinstruktør. Nokre viktige tema: Aktiv sansing. Kommunikasjon. Beslutningsprosessar. Snøkjennskap. Mønster for ferd i skredterreng. 

16.00 - 17.00: Oppsummering av dagen. Kursevaluering. 

 

Kurset avsluttast sundag innan kl 17.00. Alle får kursbevis.

 

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre kurs må: 

  1. Føle seg friske og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Ikkje vere omfatta av gjeldande karantenereglar.

  3. Oppretthalde god handhygiene undervegs på kurset.

  4. Halde minst 1 meter avstand til andre deltakarar.

  5. Som hovudregel sjølv ta hand om transport til og frå kurset.

Her kan du lese vår oppdaterte risikoanalyse for smittevern og Covid-19.

Overnatting og måltid

Mjølfjell Ungdomsherberge ligg ved enden av den vinterbrøyta vegen gjennom Raundalen, om lag 7 km aust for Mjølfjell stasjon. Dei som ynskjer innlosjering bur i leirskulebygget på kvart sitt rom, av omsyn til smittevern. Vi har tilgang til eit velutstyrt kjøkken, dusj, WC og tørkerom. Romma har senger. med dyne, puter og sengetøy. Ved heimreise må vi vaske ut av våre eigne rom.

Kursleiar organiserer innkjøp av felles middagar til dei som bur på Herberget. Dette ordnar vi som eit spleiselag. Alle tar med frukost, lunsj og tursnacks til eige bruk, samt eventuell drikke til middagane. 

Transport

Det går tog til Ørneberget stasjon, like ved Ungdomsherberget. Diverre er togtidene dårleg tilpassa skredkurs. Vi må difor basere oss på bruk av privatbilar. Kursleiar koordinerer bilkøyring om naudsynt.

 

Vegen opp i Raundalen kan være utfordrande og ha stygge kular vinterstid. Køyr varsomt og ha gjerne med kjettingar i bilen. Vegen er smal fleire stader, og det er lett å få hjula utanfor asfaltkanten.


Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3650 per person. Prisen dekker arrangøren sitt forarbeid, deltaking på kurs med kvalifisert instruktør i to heile dagar og to kveldar, alt naudsynt kursmateriell og leige av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M). Prisen dekker og instruktørane sin kost og losji på Mjølfjell. 

Om du ynskjer overnatting på Herberget, kostar det kr 900 per person for to netter. Kursleiar tingar overnatting for deltakarane ved behov. ​Prisen inkluderer seng med sengetøy på enkeltrom. Vi må sjølv vaske etter oss før avreise.

Kostnader til mat og transport kjem i tillegg. ​

​Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp plass på tur nå". Kurset har 7 plassar, og vi treng minst 4 deltakarar for å gjennomføre. 

Les våre vilkår for påmelding og betaling her. 

Kursleiar

Kursleiar er Øystein Ormåsen, som er dagleg leiar i Wild Voss AS. Han har lang erfaring som turleiar, fjellførar og kursinstruktør. Han er sertifisert NF Skredinstruktør 1 Alpint, er kursleiar i DNT og NF-sertifisert Klatreinstruktør 1 Høgfjell og Breinstruktør 1.

For spørsmål om kursinnhold, utstyr og praktisk gjennomføring, send epost til Øystein i Wild Voss: post@wildvoss.no eller ring på 93484041 .  

Naudsynte førebuingar

For å lære mest mogeleg på kurset, er det ein fordel å følge med på korleis vær og forhold utviklar seg før kurset. Les værvarselet for området jevnlig uken før kurset. Følg med på skredfarevarselet for Voss på www.varsom.no .

 

 

Kursmateriell (delast ut på kurset)

Skredkort, faregradsskala, KAST-modellen (utskrift), kart over området (utskrift), skredkart for området (utskrift).

 

 

Anbefalt litteratur:

Bøker: «Skikompis» av Christer Lundberg Nes (2018, Selja Forlag). «Den lille snøskredboka» av Kjetil Brattlien (FriFlyt, 2017).
Filmar: Sjå filmklipp og les artiklar på snøskredskulen: https://varsom.no/snoskredskolen .

Øystein Ormåsen

Ansvarleg for kurset heiter Øystein Ormåsen. Øystein er dagleg leiar i Wild Voss. Han er far til to og gift med Birte. Saman flytta dei til Voss i 2014, og etablerte verksemda året etter. Øystein er NF Skredinstruktør 1 Alpint, Breinstruktør 1 og Klatreinstruktør 1 Høgfjell. Han er kurshaldar i DNT og har leia ei rekkje ulike kurs og turar i høgfjellet sidan 2005. 

Please reload