Topptur med guide

- Toppturar tilpassa ditt nivå!

Vil du oppleve gleda ved å sette førstesporet ned frå toppen av eit fjell eller i leikent skogterreng? Har du skaffa deg toppturutstyr og er klar for å utforske nye områder? Med ein kompetent og lokalkjend guide frå Wild Voss får du ein snarveg til den beste snøen i Vossafjella. På turen får du ny kunnskap som kjem til nytte på din neste tur. 

Guida toppturar tilpassa ditt nivå

Vi har gjort det lett for deg å velje rett tur. I menyen under finn du nivådelte turar på ulike datoar. Vêret og snøtilhøva avgjer kva turplanen blir på den einskilde turen. Guiden veit kor sjansane er størst for å at du skal få ei god oppleving på ski, anten du er nybegynnar eller erfaren. 

Ny: Turar i veke 15

Denne veka ligg det an til flotte forhold for toppturar! Det er gode snøforhold og vermeldinga er lovande. 

  • Onsdag 14.april: Solbjørganipa - høyt over Nærøydalen (ukas topptur). Klikk "Kjøp middels topptur".

  • Laurdag 17.april: Raundalsryggen - klassikaren på Voss! Klikk "Kjøp krevjande tur". 

20200119_105146.jpg

Lett

Datoar i 2021:
3.mars, 6.mars, 11.mars, 24.mars, 27.mars,  2.april, 7.april.

Passar for deg som:

  • Er nybegynnar på toppturski.

  • Veit lite om kor det er trygt å gå,

  • Treng hjelp til å bruke utstyret rett.

  • Vil ha kortare turar i lett terreng.

  • Vil lære det grunnleggande om skred og trygge vegval.

Pris:

Kr 950,-

IMG_20200511_121510_085.jpg

Middels

Datoar i 2021:

7.mars, 10.mars, 17.mars, 21.mars, 27.mars, 31.mars, 1.april, 10.april, 14.april.

Passar for deg som:

  • Har vore på nokre toppturar før.

  • Er vand med å bruke skiutstyret.

  • Har litt skredkunnskap.

  • Vil på turar som varar i 4-6 timar.

  • Vil på nokre av dei mest klassiske toppane nær Voss.

Pris:

Kr 950,-

IMG_20200421_203221_368.jpg

Krevjande

Datoar i 2021:

Raundalsryggen: 17.april.

Passar for deg som:

  • Har fleire topptursesongar bak deg.

  • Er stødig på ski i brattare terreng.

  • Er i solid fysisk form.

  • Har grunnkurs skred eller tilsvarande.

  • Vil på turar som varar i 6-9 timar.

Pris:

Kr 1350,-

Kvifor bli med på ein guida topptur?

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Vi er på ski i Vossafjella kvar veke heile vinteren. Vi har oppdatert informasjon om snøtilhøve og solid områdekunnskap. Guidens erfaring frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektiv forflytning. I tillegg kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på turar i ulike område.

Sesong

Frå snøen legg seg i desember til slutten av mai.

Krav til deltakarar

Er du frisk og har normal turform kan du bli med oss på topptur. Deltakarar må vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka. Du finn meir informasjon om kven turen pasar for under kvar turkategori. Sjå menyen over. 

Naudsynt utstyr

Toppturski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

 

Skiutstyr kan leigast hos Voss Resort, eller i Myrkdalen.

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre turar må: 

  1. Føle seg friske og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Ikkje vere omfatta av gjeldande karantenereglar.

  3. Oppretthalde god handhygiene.

  4. Halde minst 1 meter avstand til andre deltakarar.

  5. Som hovudregel sjølv ordne transport til og frå turen.

Her kan du lese vår oppdaterte risikoanalyse for smittevern og Covid-19.

Oppmøtetid og stad

Standard oppmøtestad er Coop Extra Skulestadmo, Voss (Google maps).  Vi møtast vanlegvis kl 9.00. Deltakarar vil få meir detaljert informasjon om oppmøtetid og stad i forkant av kvar tur. 

 

 

Prisar og vilkår

Ordinær pris:

Turkategoriane Lett og Middels kostar kr 950 per person. Krevjande turar kostar kr 1350 per person. Nedre aldersgrense er 13 år. Maksimal gruppestorleik er 6 eller 8, avhengig av turkategori. Store grupper bes ta kontakt med oss per telefon eller epost for å avtale opplegg og pris. 

Påmelding skjer via vårt bookingsystem ved å trykke knappen "Kjøp topptur nå". 

Prisen inkluderer:

  • Alle guiden sine førebuingar

  • Våre reisekostnader

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr

  • Leige av skredutstyr

  • Turleiing og undervisning av kvalifisert guide. 

Ikkje inkludert i prisen:

  • Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

  • Leige av skiutstyr.

Les om våre vilkår for påmelding og betaling (pdf). Vilkåra er oppdaterte i høve koronapandemien.

Spørsmål om føre, forhold eller anna?

Hos oss er gode råd gratis! Vi svarar deg gjerne om du vil ha tips til flotte skiturar eller råd om kvar du finn den beste snøen. Kontakt gjerne Øystein på telefon +47 93484041 eller send ein e-post til post@wildvoss.no .