Randotur over Raundalsryggen

Toppturer på Voss sin høyeste fjellrekke

Datoar i 2022: 26.februar, 3.mars, 12.mars, 9.april og 7.mai.

Topptur i Raundalen
Topptur i Raundalen

På veg mot Horndalsnuten

press to zoom
Glad turgjeng nær Horndalsnuten
Glad turgjeng nær Horndalsnuten

Glad turgjeng på ryggen mot Horndalsnuten. Voss i bakgrunnen.

press to zoom
Nedkjøring fra Olsskavlen
Nedkjøring fra Olsskavlen

Fint skiføre ned fra Olsskavlen.

press to zoom
Topptur i Raundalen
Topptur i Raundalen

På veg mot Horndalsnuten

press to zoom
1/7

Raundalsryggen er namnet på den vakre fjellrekka på sørsida av Raundalselvi mellom Voss og Mjølfjell. Snødekte, imponerande fjelltoppar ligg på rekke og rad, høgt over den ville naturen i Raundalen. Her finn vi Olsskavlen (1576), Voss sitt høgaste fjell. Turen over Raundalsryggen er ein av dei flottaste langturane på ski i Vossafjella. Turen byr på mange bakkar, nærkontakt med mektig fjellnatur og ei spektakulær utsikt. Når det klaffar med snøforholda gir nedkøyringa frå Olsskavlen ei herleg avslutning på turen.

Kva får du oppleve?

På denne turen får du oppleve naturen i Raundalen på sitt beste. Frå den gamle furuskogen langs den blågrøne Raundalselvi til ville og alpine fjelltoppar. Stillheita i dalføret blir berre broten av fløytinga frå toga som passerer. Gled deg til nærkontakt med vakker høgfjellsnatur!

Turen over Raundalsryggen (link til bloggen vår) gir deg ei fin samling med toppar, inkludert det høgaste fjellet på Voss. Vi startar med Horndalsnuten (1461) lengst mot vest. Deretter legg vi spora over Skipadalsnuten (1496), Seldalsnuten (1548) og Olsskavlen (1576).

Dette er ein lang skitur med samla stigning på om lag 1800 høgdemeter. Det betyr at turen passar godt for deg som trivst når kroppen må jobbe i fleire timar. Her er motbakkar nok, men terrenget er ikkje særleg vanskeleg eller utsett.

På guida tur kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet av å nyte godt av guiden sin kunnskap. Vi legg opp til opne gruppeprosessar som sikrar aktiv deltaking og læring for alle.

Kvifor bli med på ein guida topptur?

Våre guidar førebur turen grundig og har med seg naudsynt tryggleiksutstyr. Vi er på ski i Vossafjella heile vinteren. Vi har solid områdekunnskap og oppdatert informasjon om snøforholda. Guiden sine erfaringar frå tidlegare turar i området gjer at han unngår farlege terrengformar, skjønar gruppa sine behov og treff tiltak som sikrar effektive og trygge vegval. Tryggleik gir deg større turglede!

Typisk turplan

Vi møtast kl 7.45 ved parkeringsplassen nær Skiple i Raundalen (Google maps). Der går vi gjennom plan for dagen, sikkerheitsbrief og sjekkar at alt utstyr er på plass. Vi køyrer ein bil opp til Voll, der turen avsluttast om ettermiddagen.

Turen startar i lettgått terreng langs ubrøyta skogsveg. Etter kvart siktar vi oss inn mot Horndalsnuten. Opp dit bruker vi om lag 4 timar. Turen vidare følger Raundalsryggen i varierande terreng, men aldri særleg vanskeleg eller utsett. Opp mot Skipadalsnuten festar vi skia på sekken, ellers har vi skia på beina heile tida.

 

Etter om lag 9 timar nærmar vi oss toppen av Olsskavlen. Vi fjernar fellene frå skia for siste gong og førebur oss på den flotte nedkøyringa til Voll.

Forventa tidsbruk er 9-11 timar, avhengig av føret, vêret og gruppa.

For ei detaljert skildring av turen over Raundalsryggen, sjekk ut vår blogg.

Krav til deltakarar

Dette er ein krevjande topptur i utfordrande høgfjellsterreng. Vi legg bak oss 1800 meter stigning og om lag 22 kilometer i samla distanse. Du må vere i god turform og vere trygg på skiutstyret ditt for å kunne delta på turen. Du har vore på toppturar i fjellet før og er vand med lange dagar på ski.

 

Deltakarar må elles vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka.

 

Naudsynt turutstyr

Toppturski eller solide fjellski med langfeller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og solbriller, solkrem, rikeleg med lunsjmat og minst 2 liter drikke.

Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

 

Sesong

Frå 15.februar til 15.mai. Turdatoar i 2022: 26.februar, 3.mars, 12.mars, 9.april og 7.mai.

 

Guide og kontaktperson

Guide på turen er anten Øystein Ormåsen eller Carlos Abraldes Szigriszt. Begge er fast tilsette og jobbar som guidar og kursinstruktørar i Wild Voss heile året. Begge har gjennomført Norsk Fjellsportforum sitt skredinstruktørkurs, og er NF skredinstruktør 1 Alpint. Øystein er i tillegg del av NVE sitt observatørkorps frå vinteren 2022, og bidrar med jamlege observasjonar til den regionale skredvarslinga.

Både Øystein og Carlos kjenner skiterrenget kring Voss svært godt, og har guida fleire turar over Raundalsryggen. 

​Har du spørsmål om turen, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til  post@wildvoss.no eller ring på 93484041.  ​

 

Prisar og vilkår

​Denne turen kostar kr 1950 per person (minstepris kr 3900,-). Nedre aldersgrense er 16 år. Av omsyn til turoppleving og sikkerheit set vi maksimal gruppestorleik til 6 per guide. Grupper på 4 eller fleire får 25 % rabatt på prisen. 

​Sikre deg plass på ein av dei oppsette turdatoane ved å klikke på knappen «Kjøp plass på tur». Om du heller vil på tur ein annen dato, klikk "Send epost", og fortel oss når du vil på tur. Vi tek gjerne kontakt og gjer nærare avtale. ​

Prisen inkluderer:

  • Alle guiden sine førebuingar og reisekostnader

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Leige av skredutstyr.

  • Turleiing og opplæring undervegs av kvalifisert guide. 

​​Ikkje inkludert i prisen:

  • Transport.

  • Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

Les om våre vilkår for påmelding og betaling (pdf). Vilkåra er oppdaterte i høve koronapandemien.

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre turar må: 

  • Føle seg friske og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  • Oppretthalde god handhygiene.​

 

Spørsmål om føre, forhold eller anna?

Hos oss er gode råd gratis! Vi svarar deg gjerne om du vil ha tips til flotte skiturar eller råd om kvar du finn den beste snøen. Kontakt gjerne Øystein på telefon +47 93484041 eller send ein e-post til post@wildvoss.no . 

For ei detaljert skildring av turen over Raundalsryggen, sjekk ut vår blogg.