Vinterfriluftsliv helgekurs

Turplanlegging, trygge veivalg og godt turhåndverk

Finse, 4-6.februar 2022

Skiglede

Kjenn meistring og glede i vinterfjellet

Vinterfjellet byr på sterke turopplevingar. Den djupe snøen lar deg legge spora dit du sjølv vil. Når føret er godt kan du flytte deg langt utan å anstrenge deg. Med nok kunnskap og rett utstyr i sekken finn du gode leirplassar overalt. Kvite vidder strekker seg ut på alle kantar, og du føler deg heime. Snakk om fridomskjensle!

Sett av ei helg til å bli trygg i vinterfjellet. Lær om turplanlegging, orientering, turrutiner og om korleis du overnattar i telt eller snøhole. I løpet av ei aktiv helg får du kunnskap og ferdigheiter som trengst for å gjennomføre dine eigne vinterturar i høgfjellet. Meir kunnskap gir større turglede!

Kursskildring

Målet med dette kurset er at du skal få nok kunnskap og ferdigheiter til å legge ut på eigne skiturar i høgfjellet. På kurset får du og dei andre kursdeltakarane mykje tid på tur i lag med kompetent vegleiar frå Wild Voss. Saman legg vi planen for turen, finn fram undervegs og etablerer ein triveleg leir. Vêret, forholda og terrenget vil krevje mykje av oss, men med godt turhandverk og fleksible turplaner løyser vi utfordringane i lag. 

Kurset finn stad på Finse. Dit kjem vi lett med tog. Finse byr på barske vêrforhold, mykje snø og perfekt kursterreng i alle retningar. 

Nokre aktuelle kursmoment:

  • Metodar for turplanlegging.

  • Orientering med kart, kompass og GPS.

  • Gode turrutiner (pauser, næring, påkledning, skiteknikk)

  • Pakking av sekk, naudsynt utstyr.

  • Faremoment i vinterfjellet (kulde, skredfare, islagte vatn m.m).

  • Overnatting i telt eller snøhole.

  • Mat på tur, inkludert fyring av primus.

  • Natur, miljø og turfilosofi.

Kvifor bli med?

Kurset gir deg ein utsjekk på at du har kunnskap og ferdigheiter nok til å ferdast trygt i høgfjellet om vinteren. På kurset blir du godt kjend med kursleiaren og dei andre deltakarane, noko som skapar eit godt turfellesskap. Kursleiaren legg opp til at gruppa skal fungere godt i lag, og vil ha sterkt fokus på sikkerheit. Det kjenst trygt og godt å vere fleire i lag på tur. 

Krav til deltakarar

Du har vore på skiturar i fjellet før. Du tar deg greit fram på fjellski både i og utanfor etablerte spor. Du toler litt vind og vêr og er vand med å bere sekk i fleire timar. Du er i normalt god turform, og har vore på fleire fjellskiturar i tida før kurset. 

Du må kjenne deg frisk og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsplager. 

Kursinstruktørar og kontaktperson

Kursleiarar er anten Øystein Ormåsen eller Carlos Abraldes Szigriszt. Begge er fast tilsette og jobbar som guidar og kursinstruktørar i Wild Voss heile året. Begge har gjennomført Norsk Fjellsportforum sitt skredinstruktørkurs, og er NF skredinstruktør 1 Alpint. Både Øystein og Carlos kjenner skiterrenget kring Voss og Finse svært godt. 

​Praktiske detaljar

Dette er eit 20-timars kurs som startar med ei økt innandørs fredag kveld. Laurdag og sundag er vi ute det aller meste av tida. Kursplanen blir omtrent slik:

Fredag: 

Møt opp i Brebua ved Finsehytta (UT.no) seinast kl 19.30. Det går tog frå Bergen kl 15.44, med ankomst Finse kl 18.06. Tog frå Oslo går kl 14.25, og har ankomst kl 18.42. Kjøp billett på VY.no. (VY.no).

Etter oppmøte samlast vi til eit lett kveldsmåltid, blir kjend med kvarandre, gjennomgår kursplanen og sjekkar at alt utstyr er på stell. Vi gjennomgår turplanen for laurdag. 

Laurdag: 

Turdag i fjellområda nord for Finse. Vi legg opp ei rute med orienteringspunkt undervegs. Ein viktig del av laurdagen blir å etablere leir for teltovernatting eller bu i snøhole. Kursleiar tek ei avgjerd på dette i samråd med deltakarane. Undervegs på turen jobbar vi med kart og kompass, rutinar for skitur i høgfjellet og undervegsvurderingar knytt til gruppa og terrenget. Om kvelden lager vi mat på primus, kviler og oppsummerer dagen. 

Sundag:

Ny turdag. Vi har fleire gode alternativ, og her er to av dei: Anten brukar vi leiren som utgangspunkt for ein tur opp mot Hallingskarvet, før vi renn ned att og henter leirutstyret. Eller vi siktar på Hallingskeid i vest, og får ein lang og flott dag på tur. På Hallingskeid kan vi gå på toget heim. Denne dagen legg vi opp til at deltakarane er mest mogeleg sjølvstendige, og byttar på å leie gruppa - gjerne parvis. Før vi avsluttar dagen og reiser heim blir det oppsummering, evaluering og utdeling av kursbevis. Toget er i Bergen kl 19.11, og i Oslo kl 20.45.

Naudsynt bekledning og utstyr

Du må ha solid fjellskiutstyr som du vand med å bruke. Skia må ha stålkantar. Gode, varme skistøvlar som du har brukt fleire gonger er særs viktig. På turen treng du også dette: 

  • Gamasjer og/eller fotposar.

  • Vind- og vasstett bukse og jakke med hette (skalklede).

  • Ullundertøy, to sett (stilongs, trøye, sokkar).  

  • Ull- eller fleecegenser (mellomplagg).

  • Dunjakke eller anna varmejakke.

  • Stor ryggsekk (ca 50-60 liter).

  • Toalettsaker og dopapir.

  • Tjukt liggeunderlag som isolerar godt. 

  • Turkart "Hardangerjøkulen", kartmappe, kompass og skrivesaker (kan lånast ved behov).

  • Spade og søkestong (kan lånast ved behov). 

  • Telt (om du har), vintersovepose (varmare enn -15*C «komforttemperatur»).

  • Primus, brensel, fyrstikker og gryte (1,5 liter), om du har.

  • Turmat, drikkepulver og tursnacks. Vi avtalar innkjøp nærmare. 

  • Solbriller, skibriller (goggles) og solkrem.

  • Hovudlykt med ekstra batteri. 

  • Spisesaker (kopp, tallerken, bestikk).

  • Lue, hals, vindvottar med innervott (2 par).

  • Drikkeflaske, termos. NB! Ikke Camelback e.l.

  • Lakenpose/sengetøy til hytteovernatting. 

  • Tisseflaske er ein god idé!

  • Vasstette pakkposar, 2 stk (ca 15 liter + ca 35 liter)

 

​​

​Prisar og vilkår

Kurset kostar kr 3950,- per person. Trykk knappen "Kjøp plass på kurs" for å sikre deg ein plass. Nedre aldersgrense er 13 år.

Inkludert i prisen:

  • Kursleiing av kompetent instruktør.

  • Overnatting fredag til laurdag i Brebua ved Finsehytta. 

  • Kveldsmåltid fredag kveld, frukost og niste laurdag.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Tilgang til å låne

    • Kart, kartmappe og kompass.

    • Spade og søkestong.

 

Ikkje inkludert i prisen:  

  • Leige av leirutstyr (telt, sovepose, liggeunderlag, primus). Leige kan ordnast mot eit lite tillegg i prisen.

  • Transport til og frå Finse.

  • Middag laurdag, frukost og lunsj sundag. Du får råd om innkjøp av måltid av oss.

Gruppestorleik: 4-10 deltakarar. Vi må ha minst 4 påmeldte for å kunne gjennomføre kurset.

 

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår (pdf). Desse er oppdaterte i tråd med koronaviruset. 

 

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)

Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. 

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

  • Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  • Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.

  • Deltakarar må sørge for god handhygiene under arrangementet.

Litt om ansvarleg turisme og berekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din delar gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvennlig ferdsel og øke bevisstheten din om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Øystein på 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  .