Bordalsgjelet

Ein kort guida vandretur på Voss

20200612_114314.jpg

Bordalsgjelets dype jettegryter

Har du knapt med tid, men lyst på ei minnerik turoppleving på Voss? Då er denne turen for deg. Vår guida vandretur til det ville Bordalsgjelet tek om lag 3 timar og kan tingast kvar dag i sommarsesongen.

 

Turen går gjennom Voss sentrum fram til munninga av Bordalen, der Bordalselvi har gravd ut ei dyp fure i terrenget og skapt store jettegryter nær elva langt der nede. Imponerande og vakkert!

Med vår erfarne guide får du ein lærerik tur. Vi tek opp tema som geologi og historie og livet på Voss.

Turen er lettgått og passar for alle. Vi går sakte, held saman og tek fleire pausar undervegs for å bli betre kjend med kvarandre og området. Turen går rett på utsida av bygdesenteret Vossavangen.

Sesong

Daglege turar i perioden 15.mai 2020 til 31. oktober 2020.

 

​Praktiske detaljar

Møt opp utanfor vårt kontor i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 10.00, midt på Torget. Her blir det ein kort presentasjonsrunde og gjennomgang av bekledning og utstyr før vi begynner å gå. 

 

Turen tek om lag 3 timar og avsluttast same staden som han starta. 

Denne turen kan og gjennomførast om ettermiddagen, på forespurnad. Ta kontakt for å avtale tidspunkt. 

 

Dette er den perfekte turen for å nytta din tid med ein fin og lærerik oppleving her på Voss, sjølv om du berre blir éin natt i bygda!

Krav til deltakarar

Denne turen passar for dei fleste. Du treng ikkje å vere i god form. Turen går i lett terreng, i hovudsak langs grusvegar og på gode stiar. Du bør ha godt fottøy og vasstette klede da vêret kan skifte fort.

 

Naudsynt bekledning og utstyr

På turen treng du dette:

  • Gode vandresko eller joggesko.

  • Vind- og vasstette klede (skalklede) ved behov.

  • Solbrillar og solkrem er ein god idé.

  • Liten ryggsekk (10-20 liter). 

  • Drikkeflaske på varme dagar.

 

​​

​Prisar og vilkår

Prisen for vaksne er kr 750,- per person. Pris for born mellom 7 år og 14 år er kr 550,- per person. Nedre aldersgrense er 7 år. 

Gruppestorleik: 1-20 deltakarar. Ved fleire enn 12 deltakarar blir det med to guidar på turen. 

Inkludert i prisen:

  • Følge av ein erfaren, fleirspråkleg guide på heile turen.

  • Snacks og varm drikke.

  • Alt naudsynt tryggleiksutstyr.

  • Vandrestavar om naudsynt

 

Ikkje inkludert i prisen:  

Reisa til Voss.

Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du våre kjøps- og avtalevilkår.

​​​

Litt om ansvarleg turisme og berekraft

Wild Voss jobbar kontinuerleg med å minske det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi fylgjer dei oppdaterte GSTC-kriteria for ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av våre turer kan du vere trygg på følgjande:

  • Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».

  • Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogeleg.

  • Våre turar går til fots, på truger eller på ski. Vår ferd i naturen bidreg ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema kring oss.

  • Guiden din deler gjerne sin kunnskap om lokal natur, kultur og stader vi besøker.

  • Vi støttar ansvarlege, lokale verksemder.

  • Guiden din vil framsnakke varsom og naturvenleg ferdsle og auke din kunnskap om lokalt dyre- og planteliv.

  • Vi følgjer lovar og reglar for ferdsle i fri natur og i kulturlandskap.

  • Vi jobbar for å minimere avfall, og veljer difor produkt og emballasje med lang levetid.

 

For reservasjon, spørsmål og anna:

Kontakt Øystein i Wild Voss på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no  . 

Bordalsgjelet turdetaljar

Samla distanse        :   Om lag 6 km.

Estimert tidsbruk     :   Om lag 3 timar totalt.

Samla stigning         :   50 meter.

Turgradering            :   Enkel (grøn).

Familievenleg          :   Ja, for born som har fylt 7 år.